Lakse-egg der du tydeleg kan sjå fiskelarvane sine auge ved sidan av 10 månader gamal laks. Desse er avkom frå ein surrogatfisk som har fått satt inn kjønnsceller frå ein donor.
Fotograf: Tom J. Hansen (fiskeegg) / Diego Crespo (fisk) / HavforskingsinstituttetPublisert: 25.11.2025 Oppdatert: 28.11.2025
(ENDRING: små endringar i teksten for å klargjere mogeleg nytte av metoden)
– Dette er ei form for surrogati, forklarar havforskar Lene Kleppe. – Vi tek ut kjønnsstamceller frå utvalde individ og overfører dei til andre individ, altså til surrogatar, som deretter kan få avkom.
Fiskane som har blitt brukt som surrogatar i dette forsøket, er sterile slik at dei ikkje kan få eige avkom.
Saman med eksisterande metodar, kan surrogat-metoden på sikt kanskje bidra til mellom anna å ta vare på truga bestandar av både av laks og andre artar. I tillegg kan den brukast til avl av oppdrettsfisk. Foreløpig er metoden på forsøksstadiet.
Dette er første gong metoden er testa ut på atlantisk laks i Noreg, med den er godt utprøvd på andre artar i utlandet.
– Metoden blei utvikla i Japan for mange år sidan, fortel Kleppe.
Bakgrunnen for metoden, var eit ønske om å finne ei løysing for å bevare truga fiskeartar og bestandar. I tillegg kan metoden brukast til å ta vare på det genetiske materialet til spesielt vellukka oppdrettsfiskar.
Cellene forskarane hentar ut frå donor-fisken er kjønnsstamceller. Dei kan utvikle seg til både sperm og egg – alt etter kjønnet på surrogaten som dei blir injisert i.
Cellene blir injisert i surrogaten medan den er yngel – og før immunsystemet har fått full effekt.
– Då unngår vi at immunsystemet går til angrep på dei ukjende cellene, og dei vert ein del av fisken, seier Kleppe.
Surrogatane som vart brukt i dette forsøket ved Havforskingsinstituttet, var også sterile som følge av trykkbehandling av fiskeegget. Slik fisk omtalast som triploid.
– Denne fisken produserer ikkje funksjonelle egg eller spermceller, og ville derfor ikkje fått avkom om den ikkje fekk donor-cellene, seier Kleppe.
Når kjønnsstamcellene blir henta ut frå donoren, er cellene på eit så tidleg utviklingsstadium at dei framleis kan «ombestemme» seg når det gjeld kva celletype dei skal utvikle seg til.
– Vi tok ut kjønnsstamceller frå ein enkelt fisk. Deretter injiserte vi dei i både ho- og hann-laksar. Der utvikla cellene seg til enten egg eller sperm, alt etter kjønnet på fisken dei vart overført til.
Ein stor fordel med metoden er at den kan brukast sjølv om det er få donorar tilgjengeleg.
– Kjønnsstamceller frå nokre få individ kan injiserast i fleire surrogatfiskar. Her vil dei utvikle seg til egg eller sperm, og på den måten kan det genetiske materialet frå kvart donor-individ bli mangedobla.
Metoden kan til dømes vere nyttig dersom ein ønsker å auke talet på fisk i ein liten bestand, men ein må ta omsyn til det genetiske mangfaldet.
– I ein redusert bestand kan det genetiske materialet vere lite, dermed kan det bli utfordrande å sikre at dei komande generasjonane har nok genetisk variasjon, seier Kleppe.
Redusert genetisk variasjon i ein bestand gjer at den blir dårlegare rusta til å kunne tilpasse seg endringar og overleve over tid.
For at det genetiske materialet skal vere variert nok, er løysinga å ta vare på kjønnsstamceller frå artar ein veit er utryddingstruga over år.
– Desse cellene kan haldast frosne i mange år. Tidlegare har det berre vore mogeleg å ta vare på genetisk materiale frå hannar sidan sperm toler nedfrysing, medan egg ikkje toler det. No kan vi altså ta vare på arvemateriale frå både ho- og hannfisk.
Dermed kan ein ha ein stor genetisk variasjon "på frys”, samstundes som den naturlege bestanden er i dårleg tilstand.
– Når ein då kjem til eit punkt der ein vil hjelpe bestanden, kan ein bruke cellene som ligg på frys, og dermed auke både talet på både fiskar og den genetiske variasjonen.
Om det har gått heilt ille med ein art, kan også ein annan art i nær slekt ofte brukast som surrogat.
– I Japan har for eksempel ein liten fisk i makrellfamilien blitt brukt som surrogat for å produsere sperm for den vesentleg større blåfinna tunfisken, fortel Kleppe.
Sjølv om metoden foreløpig berre er på forsøksstadiet i Noreg, har dei tatt den i praktisk bruk i Japan.
– Dei har eit prosjekt der dei aktivt frys ned kjønnsstamceller frå ulike fiskeartar slik at dei har ein «genbank» tilgjengeleg for eventuell framtidig bruk, seier ho.
Det er foreløpig eit stykke fram før metoden kan bli tatt i bruk til avlsarbeid på oppdrettslaks, men fleire forskingsprosjekt på dette temaet er allereie i gang ved HI. Nyleg fekk også eit prosjekt finansiert av Forskingsrådet tilslag på nye midlar.
– Til no har vi vist at denne metoden kan brukast med laks som donor og surrogat, men det er framleis eit stykke fram før den kan brukast på ein effektiv måte. Det skal vi sjå nærare på i det nye prosjektet, seier ho.
Kleppe, Lene, et al. "Production of donor-derived Atlantic salmon progeny using allogeneic surrogate broodstock technology." Aquaculture (2025): 742752.